GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

18. september 2013

Rekovalesenspadling rundt Giske

For knappe to veker sidan opererte eg eine kneet for menisk, og no er heile skiten borte. Eg har neste slitt ut fjernkontrollen, strikka ferdig ein genser og er godt på veg med strikkeprosjekt nr. 2 og har snart komme til endes på internett. No er eg lei. Lei av å være inne, lei av ikkje kunne gå noko særleg langt, lei av å sitte på baken! 

Om Lene kunne tenkje seg å lufte meg ein aldri så liten tur? Klart det! Hurra! Sola skin og eg skal på padletur att! Etter litt virring  møtest vi i den eine småbåthamna på Giske. Kjapt på med klede (dvs så kjapt som det går med eit dårleg kne) og så er eg klar! Det kjennest heilt greitt når eg sitt i kajakken med føtene meir rett fram enn til vanleg. Ingen vondtar, ikkje kjennest kajakken ustø. Nesten som normalt!

Vi tar runden rundt Giske. Padlar, småpratar, tek bilder og kosepadlar. Eg finn meg til rette, både med foten og grønlandsåra. Kanting og teknikktrening får bli til ein annan gong. No berre nyt eg! Kjenner det litt i kneet mot slutten, men det er ikkje vondt. Heller sliten som etter ei treningsøkt.

Månen følger oss den siste biten tilbake til småbåthamna. Merbart kortare kveldar no, så ilandstiging klokka 20.00 er nett passe. Fornøgd med kneet, fornøgd med turen, fornøgd med selskapet. Og framfor alt fornøgd med at det går heilt fint å komme seg på tur med kajakk, sjøl for oss med eit vondt kne!

Takk for turen Lene!












Tips til "meniskpadling":
Sitt med kneet mest mogleg rett fram
Kort tur i roleg tempo
Unngå brå røynsler som belastar kneet sidelengs (rulling td)
Hald deg i kajakken-ikkje lett å entre med stivt kne
Ikkje padle for ofte i byrjinga
Ikkje padle åleine!

Dagen derpå: litt øm, kjenner eg har brukt kneet, men ikkje vondt.

6 kommentarer:

  1. leeeengter etter sjøen og gleder meg til jeg skal utpå igjen....satser på å være tipp topp til neste sesong! :D

    SvarSlett
  2. Her var virkelig noen herlige blinskudd! Love it:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk takk. Hjelper å ta seg god tid.....

      Slett
  3. Flotte bilder. God bedring videre. :)

    SvarSlett
  4. Takker. Det humper og går. Adskillig lettere å komme seg rundt i kajakk enn til fots!

    SvarSlett