GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

20. august 2013

Til Rossholmen med ny åre

Litt etterslep i bloggen grunna datatrøbbel, men men. Forrige torsdag var det tid for tur på Vigra igjen. Eg var litt nervøs for kva som stod på programmet sidan eg nesten ikkje padla i ferien og det var lenge sidan sist eg kjende på bølgene osv osv. Eg er verdsmeistar i å spyke meg ut. Ny åre har eg fått meg og- ei Thygesen standart grønlansåre som eg berre MÅTTE prøve, bølger eller ikkje.
Rossholmen var målet. Om sjøen ikkje akkurat var grov, varr han langt i frå flat og med ny åre vart eg litt nervøs. Men det gjekk seg forbausande fort til! Utruleg behageleg å padle, grei å justere kursen med og farta er det ikkje noko å seie på. Vi krusa attmed land frå Mallavika (Roald) i retning Bårevika. Her er utruleg vakkert og det minner meg om Sunnhordland. Kanskje den finaste plassen på Vigra?
Vi skremde ein heil selkoloni ut i sjøen når vi kom, men ikkje verre enn at dei heldt oss under oppsyn medan vi var der ute. Kenneth og Stein Erik fann sjølsagt eit brott dei måtte prøve seg i, medan eg var på defensiven og studerte frå sidelina. Men når dei endeleg fann eit snillt lite brott, måtte eg prøve meg eg og. Utruleg vanskjeleg å time, og for det meste bomma eg på surfen. Og når eg endeleg traff gjekk eg sjølsagt rundt......
Kaffepause må til og når Lene i tilleg baud på heimelaga blåbærmuffins (sjølplukka bær må vite!) kunne det ikkje verte betre i solnedgang og greier. På tilbaketuren fekk vi både motstrøm og motvind uten at det vart slitsomt- padleteknikken er trass alt er betre i år enn i fjor. Og når månen helste oss vel heim att kan eg ikkje seie anna enn at det var ein flott tur!













1 kommentar:

  1. Riktigt härliga bilder!! Vilken fin miljö att paddla i! men jag skulle nog aldrig våga paddla i de där vågorna, inte än iallafall....Hoppas iallafall på några fler turer innan säsongen är över :D

    SvarSlett