GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

25. mars 2013

Trolltinden (1347 moh)

Far har tatt ungane med på koietur i lag med ein heil haug andre fedre og barn, det er palmehelg, gode meldingar og eg tek straka vegen til Sunndalsøra. Her skal det tinderanglast!

Laurdagen startar gneistrande kald. Ann, Trygve og eg kjøyrer til Jordalsgrend og vidare oppover ein heller tvilsom, islagd veg. Trygve sit bak og kjem med oppmuntrande kommentarar, Ann tviheld i rattet og fokuserer på vegen, og eg håper vi kjem langt nok opp slik at vi sparer høgdemetrer. Og det gjer vi!

Fjellskia får fellar på og vi set kursen oppover mot Trolltind. Stigninga er jamn og grei. Litt på kanten reint kondismessig, men det er berre å ta det med ro og gå sikk sakk oppover. Trygve viser veg. Pause når vi har nådd opp i Trollbotn. Eg tek gruppebilde medan dei to andre diskuterer høgt ikring konflikten mellom Israel/Palestina. Kranglefantane vert på ingen måte einige, og vi fortsett i staden oppover.

Og så kan vi brått sjå sjølvaste Trolltinden. Sååååå bratt ja.......det hadde eg ikkje rekna med...... "Neida, vi tek av oss skia og går det siste stykket til fots", forsøker Ann å roe meg med. "Det går så fint så". På veg bort til foten av toppen tenkjer eg at dette - dette vert eit blodslit.....

Utruleg nok gjekk det heilt greitt. Ein fot framfor den andre- eit steg av gongen. Ikkje sjå for mykje ut til sidene eller bakover igjen, berre sjå på trinna i snøen der eg skal sette foten. Sakte og konsentrert. Og så når eg toppen! Her er det utsikt over heile verda- nesten. Og verdt alt slitet- Juhuuuuu!

Eg er høg på meistringsfølelse og utsikt heilt til eg innser at eg skal same vegen ned att....Ned frå sjølve tinden er den minste utfordringa.... Snøen har fokka seg, det er gjennomslagsføre og ploging er umogeleg, eg har ikkje randoneé og det er sikkert 14 år sidan eg sist kjøyrde net ei bratt fjellside på fjellski......

Kortversjonen er at eg kom meg ned. Heil og fin, utan beinbrot eller andre skader. Til slutt.

Takk for ein utruleg fin tur, og tolmod med meg i bakkane ned att :)








Foto: Trygve







3 kommentarer:

  1. Å så kjekt! Nydelige bilder og nydelig tur.

    Er så utrolig fjellsjuk! Men må vente til kroppen vil....

    Ha en herlige påske videre Sygni:))

    SvarSlett
  2. Flotte bilder og det så jo ut som en utrolig deilig tur, må si jeg savner fjell når man sitter her på Østlandet. Det er litt tidlig på morran her for jeg leser kommentaren til Jill som at hun er så fyllesjuk, ja ja godt da er vi to om det, men det var visst fjellsjuk..... Nei nå skal jeg ut å padle litt

    SvarSlett
  3. Takk Jill!! Some day..... :)

    Ja det er flott her i Møre& Romsdal generelt, og på Sunnmøre spesielt. De vakreste tinder og fantastiske havstrekk innen dagsturrekkevidde! Men du kan si vi er ikke videre plaget hverken med mygg eller brennmaneter på sommeren sjøl om artene observeres inn i mellom år om annet........ Har vært utpå (sjøen altså) i dag, men ting må jo komme i kronologisk rekkefølge så skirapport først! Når bølgene på stuegulvet får lagt seg litt.

    SvarSlett