GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

22. februar 2013

Egotrip til Kjeldsund


Eg har stelt sjuk mann og sjuke ungar dei siste to vekene og er passeleg lei. Dessutan er det vinterferie. Mildrid hadde og behov for å slippe heimafrå nokre timar så då avtalte vi ei kort ettermiddagsøkt. Som vanleg er med familie var det eit eller anna som skar seg, så det vart ikkje noko padling likevel. «Eg og gubben har no fri i morgon då....» freista Mildrid. Det hadde i grunn ikkje eg, men etter ein kjapp konsultasjon med heimefronten, yr.no og SFO var det opp og avgjort.
Minsta fekk ikkje lov å være heime likevel – mor skal padle!

For variasjonen si skuld vart det Kjeldsund i dag. Kjeldsund er eit lite, men idyllisk område å padle i. Her kan ein snirkle seg rundt nær sagt i det endelause utan å ta same ruta to gonger. Eg har ikkje det minste aning om kor langt vi padla, men vi klarte no å slå ihjel 3,5 time inkludert 40 minutt mat- og sjokoladepause. Ikkje at det går spesielt fort eller vert særleg langt når ein på død og liv skal padle klin inn i berga og teste diverse svingteknikkar, eller ta bilde av alt som kryp og går, men eit lite stykke vart det nok.
Trur eg....

Vi måtte jo sjølvsagt avrunde med ei februarrulle – i allefal vi damene. Ålesund havn kunne melde om +5 i sjøen, men Kjeldsund ligg litt skjerma til, vatnet er grunt og det har vore kaldt i lange tider no. Ørsmå flak av issørpe vart dessutan observert på turen, så mykje over +4 var det nok ikkje...Og i dag hadde eg bestemt meg for å rulle UTAN maske MED muffar..... Å rulle med muffar sitt langt inne- eg får litt sånn hjelp – eg sitt fast til åra klaustrofobisk følelse. Tenk om eg ikkje får det til og ikkje kjem meg laus att? Dessutan veit eg at det vil kjennast kaldare i fjeset utan maske......

Ok. Resultatet finn du lengre ned på sida. Djup konsentrasjon før rulla, og.......fyttih......!!!! Eg treng vel ikkje seie meir?

Neste rulle er i mars-
mon tru om gradestokken peikar oppover igjen då?


















6 kommentarer:

  1. Det er så kaldt, altså. Ja det er nok det. Huff. Frister ikke å havne rundt på vinteren nei.

    SvarSlett
  2. Ja det var kaldt! Og en veeeeldig god påminnelse om at å havne i vannet på vinteren ikke er noen spøk nei....

    SvarSlett
  3. God prioritering. Må jo støtte opp om SFO og? Har ein mistanke om at det vert kaldare i sjøen i alle fram t.o.m april. :) Rulla i går eg og, og hadde akkurat same reaksjonen: hendene ut av muffa og vill risting. Artig at det same intuitive reaksjonen.

    SvarSlett
  4. Flinke! Fikk hjernefrys av å se på jeg..hihi Flotte bilder! =)

    SvarSlett
  5. Ja Susan, hjernefrys var ordet! Ja det bli spennende å følge med på sjøtemperaturen utover Lene......Sein badesesong i år for den som ikkje har tørrdrakt, trur eg.....

    SvarSlett