GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

30. desember 2012

Desembertur i Ulsteinvik

Finver og vindstille i store delar av desember, men juleshopping og julebaks har stått i vegen for ein tur ut på fjorden. Veromslag med vind og regn kom sjølsagt når eg augna eit lite smutthull i familielivet, men så var det denne desemberrulla då som måtte i boks før årsskifte.......

Dagen før nyttårsaftan var det derfor opp tidleg før resten av gjengen opna augene, hive seg i bilen og så avgarde for å treffe Mildrid på Osnessanden att. Eg var ikkje vidare høg i hatten på ferga frå Sulesund der fjorden gjekk kvit utpå....

Neidå, Osnessanden ligg i le på søraust, kunne Mildrid melde. Greitt. Kjapt ut på vatnet og innover mot Ulsteinvik for oppvarming. I det vi runda lampa på Boholmen fekk vi vinden rett i fleisen. Ikkje ofte eg får målt kreftene mot vinden, så her var det berre å nytte høvet. Kan det ha vært rundt 8-10 m/s? Veit ikkje heilt, men deromkring. Stabil, sterk vind midt i mot. Det gjekk i grunn greitt etterkvart - litt rå makt inn i mellom, men ellers var det overraskande greitt å oppretthalde padlestilen sjøl om det var tungt.

Vi runda Dimnaholmen, og så bar det attende til det eg eigentleg kom for: rulle-i-kaldtvatn-i-desember....Jau- det VAR kaldt. Men det gjekk denne gongen og. Ikkje like leikande lett som i basseng- manglar litt snert på slutten, men heilt klart betre enn før og eg trur eg veit kva eg må jobbe med.

Eg fekk teste nytt sugekoppstativ til kameraet og. Ikkje den heilt store filmopplevinga akkurat, og underteikna må lære seg å halde munn medan kamera går, men heldigvis er det mykje ein kan fikse på i etterkant. Desverre var det flatt batteri når eg var klar for rulling..........


Godt Nytt År!










2 kommentarer: