GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

1. desember 2012

Aksla

Er det noko vi er gode på her i huset, så er det korte langturar. Vannkoppar spolerte basseng og hotellovernatting i Geiranger, og slikt må sjølsagt kompenserast for. Minusgrader, finvér og lovnad om kakao etterpå - det vart ein finfin tur på Aksla i dag, og dagen vart ikkje så værst likevel....... 






Fyldig kakao med hint av chili

1,5 l heilmjølk
7 ss kakao
1 ss smør
sukker
1 ts kanel
1 knivsodd chilipepper (pulver)

Ca 5 dl mjølk, kakao, sukker, smør, kanel og chili kokast opp. La det koke i 5-10 minutter under stadig omrøyring til du har fått ein tjukk, kremete konsistens på kakaoen. Ha oppi resten av mjølka, og smak til med sukker. Varm kakaoen opp til kokepunktet. Drikkast rykande varm - gjerne med ein dæsj krem og eit kaneldryss på toppen!



2 kommentarer:

  1. Fyldig kakao med chili er skikkelig tasty en kald vinterdag:))) Drømmer om litt sne nå:))

    SvarSlett
  2. Eg må vel innrømme t eg ikkje er heilt kar for snøen enno. Likar veldig godt konseptet snø i fjellet, bart i låglandet - då kan eg liksom velge snøen når det passar meg ;) Det kan sjølsagt skuldast at eg bur midt i ein nokså bratt bakke, og at eg gjerne skulle ha jobba litt meir med rulla førskisesongen tek over......

    SvarSlett