GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

9. august 2012

Teknikktrening på Blimsanden

Det har vorte "altfor mykje" fjellgåing og turpadling i sommar, så no var tida komen til å gjev seg fanden i vold og trene på rulla og cowboyredning. Passeleg kjipt vér, men Lene og eg var optimistiske og fór (i grunn noko planlaust) avgarde til Vigra. Litt meir bølger enn vi hadde rekna med (skikkeleg "overraskande"- det er sjeldan bølgefritt på Vigra...), men pytt - dette skulle bli kjekt. Den nye, fine tørrdrakta til Lene måtte jo prøvast ut, og eg måtte få dreisen på cowboyredninga.

Vi byrja med å øve på å bære kajakane sjølve bort til vannkanten, og det gjekk jo lekande lett! Eg følte meg i grunn nokså ovanpå der eg kom slentrande bortover med kajakken på skuldra. Synd ingen var der og kunne la seg imponere - berre littegranne.

Cowboyredning neste. Det ser så lett ut når andre gjer det, men ikkje tale om at eg fekk det til. Manglande armstyrke, dårleg kondis, vest og puppestell som er i vegen gjer det ikkje enklare. Attpåtil var det bølger og eg vart brått kraftig sjøsjuk. Eg fekk til slutt karra meg oppå kajakken, men i det eg så elegant skulle smette beina ned i cockpit kom det ei bølge og deisa meg over ende att. Då var det var i grunn greitt likevel med manglande publikum.

Medan eg stort sett låg i vatnet og kava, svinsa Lene elegant hit og dit, tok seg eitpar styretak og imponerte stort med å rulle i bølger. Begge vegar. Pluss butterflyrulla! Neste gong hiv ho vel åra med og tek ei handrulle. "Du må no ikkje gløyme sigrane oppi det heile då", sa ho i då ho skjøna at eg var litt skuffa over eigen innsats. Og ho hadde rett. Vi hadde fått øvd mykje på kammeratredning i bølger, ho fekk til rullene sine, og eg kom meg trass alt overskrevs på kajakken. Dessutan klarte vi å bære kajakkane sjølve :)








3 kommentarer:

  1. Vi fekk oss vel og nokre Aha opplevingar på kor fort åre eller kajakk forsvant om vi mista taket..

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja d er sant. Burde komme på "har lært"-kontoen d og!

      Slett