GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

18. august 2012

Runde

Det er noko med Runde. Av alle stader eg har vore er Runde ein av dei flottaste. Kansje magisk er ordet der ho ligg ytterst ute mot havet, bratt og ugjestmild, men likevel så grøn og full av liv. Visst er det flott å sitte oppe i Lundeura og kikke ned på lunden, men endå flottare er det å padle under fuglefjella og kikke opp. Det aular av liv på alle kantar over og rundt oss! Fantastiske fjellformasjonar, grotter, lukter og lyder. Ein og anna daud fugleunge med ei mor som sit attmed og ventar fortvila på at ungen skal kvikne til igjen. Og utanfor er det berre hav så langt auge rekk. Roleg og vakkert med sola som speglar seg før ho tek kvelden slik som i går, men vel så ofte nådelaust og farleg. Livet vert sett i perspektiv her ute. Og kanskje er det nettop derfor eg stadig vil tilbake, for å kjenne litt på kor skjørt og vakkert livet er, og kor fantastisk heldig eg er som får lov til å oppleve det heile!

Takk for ein flott tur!













1 kommentar:

  1. For en flott tur dere fikk:) Den står absolutt på ønskelisten:))

    SvarSlett