GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

9. juli 2019

Med HKK rundt Nautøya


Herøy Kajakk Klubb har sett opp turar kvar torsdag frammover no, og når det ein sjeldan gong høver seg slik at eg kan bli med samstundes med at sola skin (sjeldan no om dagen) - jau, då hiv ein seg sjølvsagt med! Bonus er sjølvsagt sosialisering både med gamle og nye venner.

Klar for tur med utgangspunkt frå klubbnaustet på Jensholmen!

Jon Anders som er dagens turleiar foreslår at vi padlar rundt Nautøya. Litt vind i starten så vi legg opp turen slik at vi startar med motvind. Så slepp ein den til slutt.

Ein må sjølvsagt helse på nye fjes!

For ei tid tilbake solgte eg Romanyen min til klubben, og i dag vart han med på turen. Litt rart og litt vemodig på ein gong. Eg synes framleis at den er nydeleg å sjå til.



Gamlekajakken foran til høgre. Pen sak!Synes no eg då.

Alltid kjekt å padle under ei bru!

Området rundt Jensholmen og Herøy Gard er eit velkjent turområde for meg, men runden rundt Nautøya har eg tilgode å padle! Overraskane fint område, med holmar å snirkle seg mellom så her fekk eg med ei positiv overrasking!


Jada - lekkert med sol!

Snirkelpadling!

Okei då, så måtte eg bort å klappe litt på Romanyen. 
Meir snirkelpadling.

Ein liten pause vart det tid til og inne i ei vik. Den ein etter den andre testa rulla undervegs, og eg måtte sjølvsagt prøve eg og før beinstrekk. Det gjekk ikkje nokke særleg - hverken med rulla eller eigenredinga. Trøsta får være at kammeratredninga satt om ikkje anna. Her må øvast meir.


Litt havkjensle når vi runda ytterste neset.

Resten av turen inn mot museet er i kjent farvatn. Vinden har stilna heilt av og vi får ein lekker avslutning på ein flott tur. Kjekt å være med klubben på tur att, og kjekt med nye padlejes!



Takk for turen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar