GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

5. oktober 2018

Rulling, padling og regnbue


Det har vore mykje av alt i haust, men veldig lite padling. Så når helga kom med tid til meg sjøl hadde eg kun eitt mål: komme meg ut! Tur til Bjørnsund utgjekk grunna lange dagar på jobb og tidleg siste ferge utover, og ellers sa yr.no mykje vind og mykje vatn. Ikkje veldig oppløftande. Heldigvis - hadde eg nesten sagt - var Mildrid i same situasjon og då vart helga berga likevel. Laurdag vart det ein heller våt og vindfull sopptur. Og mykje sopp. Som eg kkje tok bilde av sjølsagt.....På søndag hadde været roa seg såpass at vi avtalte ei rulleøkt.

For meg var dagens mål berre
1)å komme i gang med litt rulletrening att og 
2) finne roen i vatnet.

Heilt ute av trening i å rulle på denne årstida vart eg rimelig fort kald. Mykje vind og nedbør siste månaden har truleg og gjort sitt til at vatnet var kaldare enn forventa. Så etter ei kort økt avslutta vi med ein tur for å få i oss varmen. Det er fint å oppleve hausten frå vatnet og.  Fine fargar mot grå himmel. Regn på stille vatn. Så kjem sola fram og lagar til den vakraste regnboge. Og det varer og det varer. Til slutt er vi så nære at det nesten går å padle under den. Men berre nesten. Så mørknar det til att og hausten tek grep på nytt. Men det gjer ikkje noko. Eg fant det eg kom for. Roen.











3 kommentarer: