GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

30. juli 2018

Bulandet

Heilt sidan eg vart kjend med Lene og etterkvart Nina og Odin med, har eg høyrt om Bulandet. Kor fantastisk det er der ute. Idyllisk, men vêrhardt. Det hr aldri passa seg slik å bli med Stormsamlingane til Askvoll Padleklubb- litt langt å fare for ei helg synes eg. Men no er det sommar, eg har ferie og ungefri og då nyttar ein sjølvsagt høvet.

Frå 30 grader og sol, slår vêret om til heftig vind og regn. Vi er litt i tvil om det let seg padle ute i Bulandet denne dagen, men vi tek med kajakkar og utstyr i tilfelle. Vert det ikkje mogeleg å padle, er det råd å berre være turist her ute og.

Det bøttar ned når vi køyrer i land. Så bles det opp. Vi går for ein turistrunde først. Det er holmar og skjer, lune viker med idylliske små hus over alt. Uansett vær er det alltid mogeleg å finne trygge områder å padle i. Ikkje på le side, som ein skulle tru, men på den sida vinden kjem frå. Då vil ein blåse inn att på land eller inn i eit sund om det skulle gå gale. På le side har ein berre havet bakom seg, og ei overraskande vindkule kan fort ende gale.

Gidd vi å padle i 12 m/s og vind og massivt regn i dag? Ja  det gidd vi faktisk, når vi først er her ute. Vi er allereide våte uansett, og tørrdrakt er faktisk å foretrekke framfor dongeri. Tungt å padle, og våte vert vi, men kjekt. Eg får sjå Bulandet i heilt alminnelig Bulandvær. Smake litt på bølger (endeleg kom hjelmen til faktisk nytte), og sannelig skin ikkje sola opp til slutt og!

Bulandet er magisk. Her skal eg heilt klart komme attende!



Første delen av turen var det motvind og regn, men like blid fordiom



Det er sommar og då et ein is. Uansett.




Det er lekkert når sola skin!


Ufattelig mykje å sjå her ute!!

Vatnet var utruleg klårt - her kjem eg attende for å dykke!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar