GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

9. september 2017

Stokkøya 2017

Eg ligg litt bakpå når det gjeld blogginga. Litt fordi eg er lite på tur for tida, og litt fordi ting ikkje heilt går vegen. Men for å starte med det som er kjekt- ei lita oppsummering av årets Qajakktreff på Stokkøya. Som eg i ein øugneblink av overmot kom i skade for å melde meg på. Eg har rulla minimalt sidan sist, padla lite generelt og enrginivået har vore lågt. Men eg tok grep og meldte meg altså på treffet. Så rauk menisken. På ein bitteliten padletur. Hovent kne og krykker i tre veker før operasjon. Eg frykta ei stund at heile padletreffet, men med hjelp frå ein framifrå fysioterapeut og knebøy kvar dag, vart eg bra nok i tide. Ikkje som i frisk, men bra nok til padling.

Eg stappa to ungar, padleutstyr og mat for ei veke inn i ein litt for liten bil, og kjøyrde i 10 timar. Men eg visste det var verdt turen! Om ein ikkje er heilt på topp rullemessig, er det eit sosialt og kjekt treff. Opplegget på rulleakademiet er lagt opp med ulike grupper alt etter ferdigheiter og kva ein sjølv vil jobbe med, så du vil alltid finne ei gruppe som passar for deg. Og for meg passar gruppa til Anders best. Fokus på padleteknikk med grønlandsåre heller enn nye ruller. Mi erfaring frå i fjor er at dette også hjelp godt på den generelle padleteknikken.

Det var det eg håpte på i år og. Men etter nokre timar på sjøen byrja eg å verke i venstre alboge med forverring utover kvelden. Då er det ikkje anna å gjere enn å gå for den sosiale biten på treffet. Diskutere laust og fast med gode vener. Fundere over meininga med livet. Nyte ein øl eller to. Eller ta ein olebrummtur med minsta. Det siste utfordra tålmodet litt ekstra. "E det djupt her mamma? Kan eg gå rundt? Kjem eg til å drukne? Neeeeeeeeeeiiiiiiiiii, eg tør ikkje!!!".....and so on........Men det går helst greitt. Ho fekk dreisen på det etterkvart.

Qajakktreffet på Stokkøya leverer alltid. Unsett. Været kan no vere så ymse. Og det er ikkje alltid ting går slik ein helst vil. Men folka, staden, stemninga- det som gjer Qajakktreffet unikt- det kan ingen ting rokke ved.

Vel heime vert tolmodigheita sett på prøve. Albogen betrar seg ikkje. Kneet byrjar å fuske etter to månader med framgang. Ikkje kan eg gå på tur og ikkje kan eg padle. For to dagar sidan fekk eg svar på CT- slitasje på brusken i albogeleddet og forkalkningar. Ikkje det svaret eg hadde håpt på mao. Det einaste eg kan gjere no er å knaske krillkapslar i håp om at brusken vert betre og ellers bruke arma sjølv om det gjer vondt. I skrivande stund fryktar eg for at det vert lite padling frammover, men eg får ta tida til hjelp og krysse fingrane. Så får vi sjå kor mykje padling det vert.




Kosar seg!


Og til slutt ein wet-exit!

3 kommentarer:

  1. Oppholdet og opplegget på Stokkøya var trivelig. Et program som ga rom for mange trivelige og lange pauser. Stundene og samtalene under tarpen satte jeg stor pris på, og det å bli kjent med mennesker man kun kjente gjennom sosiale medier.
    Tarpen jeg hadde oppslått reklamerte jeg på, det var fei på den, og den var ikke tett. Nå har jeg annen type, og større. :)
    Håper det lar seg ordne med tur de neste år også, må sannsynligvis flytte ferien da. Vi opererer med to puljer, og får jeg ikke flyttet ferien fra første til andre pulje til neste år, blir jeg sittende hjemme og gråte.

    SvarSlett
  2. God bedring både her og der, så ses vi kanskje på et sånt treff en gang.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja- du får kombinere det med en Sørnorgeferie....Ellers funker visst tape til det meste i følge fysioterapeuten.......

      Slett