GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

7. august 2017

I tenkeboksen.

Romanyen og eg er ikkje heilt gode venner for tida. Det vert ein ikkje når skinka får vondt, foten dovnar bort og rulla ikkje vil. Så vi kranglar. Han vil ikkje det same som eg- og eg vert sur. No har eg vurdert fram og tilbake, opp og i mente lenge. Slike ting er ikkje lett. Han har jo sine gode sider og. Lett å snu, trygg og pålitelig, grei på tur når tempo ikkje er tema. Ikkje vert eg sjøsjuk i han heller, og akkurat plass nok i han til helgeturar. Men han sviktar når eg treng han som mest. I bølgene. Når eg har gått rundt og vil rulle meg opp att. Slikt går ikkje i lengda. Ein må kunne få til å rulle i bølgene med kajakken sin altså.

No er det nok ikkje berre Romanyen sin feil. Den krev at du sitt med beina i froskestilling og er sterk nok til å spenne dei ut mot skroget. Eg er ikkje heilt der. I og med at han er flatbunna krev han og anten ei litt eksplosiv rulle, eller sabla god teknikk. Det første har eg ikkje styrke til (jaaaaaaaaada, veit at ei god rulle ikkje krever krefter, men observerer stadig vekk mannfolk som får til å rulle eine og åleine pga styrken sjøl om dei påstår det motsatte..) God teknikk er heller ikkje lett når ein havnar 3 rundar i vaskemaskinen sånn akkurat før du fekk tid til å trekke pusten. I basseng derimot er det jo ikkje nokke problem. Det er berre det at det er uråd å surfe med kajakk der.

Uansett. Eg har begynt å sette ned foten. No gidd eg snart ikkje meir. Eg har lenge trua han med å bytte han ut. Og forleden dag sette eg ord bak handling. Antyda på sosiale medier at eg vurderte å selge han. Sjøl om det ikkje vert med lett hjarte. Vi har trass alt mange gode stunder i lag. Men det er viktig å gi kvarande ein sjanse, så no i helga fekk han være med på tur. Under tvil. Men ettersom det ikkje var snakk om nokke langtur, tenkte eg at eg fikk tole det om vi kom til å havne på kant.

Vel på plass i kajakken att kunne eg konstatere at eg satt noko betre enn sist i han. Foten dorma ikkje like fort vekk........Behagelig er setet framleis ikkje, men på den andre sida er dette noko som kan skiftast ut- til eit Valley sete til dømes. Tilbake ved naustet att måtte eg teste rulla. Utan maske, naseklype eller hette, tynnkledd i ei avlagt tørrdrakt som på langt nær er tett. Schvopp- rulla gjekk som ein leik! Ein gong til-schvopp og eg opp att endå ein gong! Tredje forsøket missa eg, men det var nok min feil for eg tenkte for mykje. Eigen- og kammeratredninga var ikkje mykje å skryte av, men akkurat det må eg nok ta på mi kappe.

Ein skulle tru at Romanyen har skjønt alvoret og skjerpa seg litt. Så no vart eg veldig i tvil. Eg har førebels ikkje funne nokken som er betre, men eg kjem nok til å fortsette med å teste andre kajakkar. Dei må testast i in action- i bølgene. Men ingen er perfekte. Så får vi sjå. Romanyen overlevde helga- det hadde eg i grunn ikkje trudd. Så det kan jo hende vi finn ut av det med kvarandre likevel. Sjølv om eg har mine tvil.

Litt bilder frå helgas tur, men ingen av rulleøkta- eg hadde nok med meg sjølv:








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar