GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

5. juni 2016

Årets første rulletrening

Mildrid er i storform og klar for ei rulleøkt på Osnessanden. Eg er ikkje i storform og vil eigentlig berre gjere ingen ting.
Som i INGEN TING. Men sola skin og havet er azurblått og forlokkande.....

Mitt mål for dagen: ei (standard) rulle på kvar side. Mildrid sitt mål for dagen: få til albogerulla. Eg klinar til med standardrulla på kvar side to gonger pluss shotgunrulla på kvar side (hurraaaa- rullene sitt sjøl om eg ikkje har rulla på evigheiter). Mildrid får til albogerulla på begge sider ein drøss gonger, pluss ein bråte andre rullar. Bonuspoeng i fleng her altså.

Avslutingsvis kaffi, sjokolade og ein dukkert i nettoen (på ein litt meir diskret stad enn Osnessanden).
Ein heilt grei laurdag mao. 












4 kommentarer:

  1. Antar att det inte endast var Mildred som hade ett fint o stort leende på läpparna efter övningarna...
    Välförtjänt dessutom!

    SvarSlett
    Svar
    1. Nja. Gliset var nok bredere etter kaffi og sjokolade enn etter rullinga.Men fornøyd- ja!

      Slett
  2. Flotte bilder som vanlig. Bra jobba med rulling, når sofaen frister mest.

    SvarSlett