GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

13. august 2014

Qajaqtreff Stokkøya 2014

Tiltakande rulleinteresse og stadige hint frå Mildrid siste året, og eg er klar for padlesamling på Stokkøya. Husmorferie DeLux. Fritt for mann, dog ikkje heilt fritt for born. Ein stykk unge vert stappa inn i ein bitteliten polo mellom padleutstyr og mat for ei veke and off we go. Passe bilsjuk (E39 er oppskrytt) og uggen kjem vi fram til strålande solskin ut på kvelden. Opp med telt, samling og info. Praten går og før kvelden er omme har eg fått ein drøss nye padlevenner.

Qajaqakademi dag ein og to. Mildrid Flø, Anders Thygesen, Mia Kanstad Kulseng og Dubside er instruktørar. Blandt dei beste mao. Vi startar med å rulle under press- ein og ein skal ta ei rulle medan dei andre ser på. Eg eig ikkje eksamensnervar, men kjem meg rundt likevel- puh! Skuldrene senker seg- her kan ein ikkje ta seg sjølv så høgtideleg, men la det stå til og kaste seg ut i det. Vi rullar og rullar. Eg får til eit par nye ruller både på retta og vranga, og i løpet av nokre få  dagar kliner eg til med å rulle med kastetre! Hu hei kor det går!! Når vi ikkje er ute og rullar snakkar vi om rulling, og når eg søv drøymer eg om rulling. Her kan det gå rundt for nokon og ein kvar.

Dags for båtbyggekonkurranse. Herrer, damer og ungdom konkurrerar. Avkommet skal padle og får eit 10-minutters introkurs hos mor eit par minuttar før start. Men det hjelp ikkje stort når Mats bryt i sund heile kajakken......Så er det NM i grønlandsrulling. Etter mildt press frå rullekompisen (Mildrid) stiller eg (kor ofte er det høve til å stille i eit NM?). Eg rotar det til og ender med 17 poeng totalt og ein 7 plass (av 9.....) i dameklassen. Til samanlikning fekk beste dame (Mildrid) 104 poeng, og beste mann (Pål Gustad) 324 poeng! Eit stykke opp og fram altså.......Jaja.

Og ungen? Jau, ho stod med baken i været og haudet i sanden og sakna ikkje mora som var ute og rulla det spøtt. Utruleg greitt med eit padletreff som gjer det mogeleg å ta med avkommet. Om eg kjem attende? Heilt klart! Fantastisk treff med låge skuldre og ei herleg atmosfære. Men då må eg ha eit par nye ruller til på reportoaret!!














2 kommentarer:

  1. Ok, jeg angrer faktisk ikke på at jeg ikke dro nedover. Bra innlegg - men jeg skjønner at jeg ikke kommer til å drive de der rullegreiene særlig langt. Kajakk har jeg for å padle, rulle kan jeg jo liksågodt gjøre på plenen. Men dere er veldig flinke! Du kom jo ikke nesten sist en gang, første gang du er med! Imponerende!

    SvarSlett
    Svar
    1. Haha, nei d spørs om du ikke hadde fått mark i ræva. Når det er sagt arrangerte de tur også, for de som ikke ville rulle. Men det var jo nesten ingen......

      Slett