...eller teltur i kuling, alt ettersom. Kneet syt og klagar og eg må stå over den planlagde turen til Grotli på ski. Kva finn ein på då når det er palmehelg, og gemalen og ungar er bortreist? Jobbe? Burde vel, men haudet kokar etter intense dagar og eg treng LUFT! Mykje luft.
Som i kuling for eksempel? Mildrid meiner at meldingane er nett passe til å trene på turpadling (meldingane sa 10-12m/s laurdag og 12-14 søndag- altså liten til sterk kuling). Trene på å slå leir i dritver, trene på vindpadling og i det heile finne ut kor langt komfortsona strekkjer seg. Eg pakkar og hiv inn på postafen før eg set kursen mot start i Eiksund, telting på Kvitøya og vidare til Ulsteinvik.
Det startar roleg medan det bøttar ned. Så aukar det på med vind og eg får teste meg i både medsjøpadling og motvind. Begge deler går greitt, og vi kjem til leiren på Kvitøya akkurat tidsnok før han aukar på.
Eg sovnar som ein stein, men vaknar på natta av at det riv godt i teltduken. Og det gjer det lenge......Eg har tinga på vekking frå morgonfuglen i naboteltet (noko ho held) og vert invitert på frukost- kjekt med slike naboar! Dagens padleplan vert lagt mens vi et og sjekkar yr.no. Det skal blåse opp mot 14 m/s frå kl. 12, så vi startar tidleg og går for "indre lei" mot Ulsteinvik via Straumane. Då slepp vi kanskje den argaste vinden, og kan gå på land fleire stader langs ruta om ikkje.
Medsjøpadling kan eg like- kilometrane går unna i ein fei- juhuu kor det er kjekt å surfe seg fram her i livet!! Men alt har ein ende- siste stykket får vi vinden midt i fleisen- truleg desse 14 m/s som vart meld. Og sidebølger og sluddregn. Eg trur komfortgrensa mi går omtrent her. Heldigvis er det kort att til båthavna, og eg klarer å kjempe meg fram det siste stykket.
Kort, men effektiv tur. Mykje læring og mykje morro. Bølgene var for små og eg var ute i dei i for kort tid til å teste sjøsjuka for alvor. Skikkelig motvind vart det berre over kortare strekk, men kjekt å måle kreftene likevel. Takk for flott tur Mildrid- gler meg til neste gong!
Og som vanleg- det ser alltid ut som det er flatt av på bilde.... :/
Og som vanleg- det ser alltid ut som det er flatt av på bilde.... :/
Ja hvordan de kameraene får til å retusjere bort bølgene av seg selv, forblir et uløst mysterium. Sånn er det bare, tydeligvis. Fatter ikke at dere orker å dra ut på tur i sånt vær frivillig, men det er sikkert fint når man først er det. :) (Og særlig kjekt i ettertid, å ha gjort?) Her melder det storm på onsdag. Nåde den som prøver å få meg med på telttur i sånt vær i påsken...
SvarSlettAltså- hadde ikke forholda på heimebane lagt så godt til rette for tur, hadde jeg vel tenkt meg om en gang til. Men når planen allerede var lagt sånn ca ei uke i forvegen og padlekompisen er hakket hvassere på bølger og vind og er klar......Men det var ikke så gale når jeg først hadde bestemt meg. Kunnse sjølsagt ønske at tørrdrakta var tørr (gleder meg vilt til nydrakta kommer), men ja- kjekt å se tilbake på.
SlettJeg frister jo skjebnen i år, ved å ha meldt meg på kurs over tre helger - altså forpliktet meg, uansett vær. Hittil har jeg alltid ventet til værvarslet for helga kom, og hatt åpent for å trekke meg, fra alt mulig… Så jeg antar det blir tre hele helger med lignende vær. ;) Tingenes iboende faenskap slår nok til, regner jeg med. Så konkrete tips for å overleve telting i sånt vær, mottas ved enhver anledning. (Jeg tåler å ha teltet oppe i regn så lenge det er vanntett, men å ta det opp og/eller ned når det er vått! Blæh! Og alle tingene våte! Blæh!)
SlettJa ditta så bra kjekt ut:))) Må ha en riktig god påske Sygni:)
SvarSlett