GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

10. mai 2013

Mikroekspedisjon i Herøy

Sjuk unge, mann som jobbar mykje for tida og den eine padlesjansen etter den andre ryk. Og når eg endeleg ser eit snitt til å snike meg ut er det pinadø møtevirksomheit! Noko må gjerast- det må da gå an å kombinere møte på "søre" i Herøy Kajakk Klubb med padletur for svarte! Mål for turen: vere sjølberga med alt av utstyr for overnatting i eigen kajakk.

Som sagt så gjort. Møte på kvelden, helse på turkompisene, pakke kajakk etter beste evne med telt og spetakkel (ikkje lett) og så padle heile 2 (to!) km inn i solnedgangen før camping ute på Herøya. Nytt telt, ny fjellduk, ny brennar til stormkjøkenet- reine vitenskapelege ekspedisjonen dette. Eg fekk plass til det eg trong, men ikkje meir so heller. Då hadde eg tatt med meg vatn og mat nok til to dagar så eg skal nok greie å vere sjølforsynt ei helg og, men her er heilt klart forbetringspotensiale i pakketeknikk.

Å komme fram til campingplassen i skymninga og slå opp teltet gjekk greitt. Migreneanfall på veg, så det sosiale vart ofra til fordel for søvn og von om betring. Daget etter hadde skodda i haudet letta, og etter frukost og eit heller ufrivillig morgonbad UTAN tørrdrakt MED klede (ikkje spør korleis), vart planen for torsdagen å sikte seg inn på Flåvær ute i havgapet. Reine sommarstemninga med gode varmegrader og speilblankt hav.

Snirklepadling ute i Flåvær er kjekt, særleg når ein endåtil vert invitert av "fastbuande" til å kikke innom den gamle handelsstaden der ute og får omvisning i i heimesnikra museum. Kjekt er det og å raste attmed fyret og sjå utover havet og bort på Stadlandet.

Med 5 på tur og endå fleire årepar tilgjengeleg vart det testing av årer over ein låg sko. Resultat: Padlekompis nr. 1 kjem til å kjøpe ny euroåre, padlekompis nr. to vart overraska over at lengda på åra hadde så stor betydning, padlekompis nr. 3 og underteikna fann ut at vi likegodt kunne byte åre for ei stund, padlekompis nr. 4 var vel fornøgd med eigne årer og grønlandsåre står no på ønskelista mi.

Då har eg overlevd fyrste sjølvforsynte kajakktur med overnatting i telt. Mission completed. Takk for turen og over og ut - til neste gong :)













Erfaringar så langt frå ekspedisjonslivet:

Tur med eige telt er stas
Det er alltid kjek med nye padlekompisar
Ikkje forsøk å komprimere bokseøl
Heimelaga brød går i stykker på tur
Svarte berg ER glatte
Leit i endane på kajakken om du saknar noko.
Også etter at du er komen heim.
Pakkposar av plastikk er noko herk
Ikkje sei du kjem heim klokka sånn og slik
-tidsskjema ryk ALLTID.

7 kommentarer:

  1. Takk for fin rapport og bilete - og tur. Håper me får til ein tur på Langnuen om ikkje så lenge. Padlefestival om eit par veker i på Langøy på Sotra... --Idar

    SvarSlett
  2. Sjøl takk for flott tur. Vi snakkast når det kjem til Langenuen!

    SvarSlett
  3. Takk for fin forteljing og flotte bilete!

    SvarSlett
  4. Djup hjartesukk og bærre lekkert! Rett og slett ♥

    SvarSlett
  5. Å så härligt!! och jättefina bilder :) Är själv nybörjare med kajak och ser fram emot många fina turer med övernattningar /Mvh Susanne ps la till dej i min lista ds

    SvarSlett
  6. Takk for d!Ja, kajakk er kjekt både med og uten telt! OBS! Sterkt vanedannende!!!Hyggelig du la meg til på din liste :)

    SvarSlett