GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

26. mai 2013

Bårevika


I mai er antal padledagar omvendt proporsjonalt med antal heilagdager (eigentleg nokså ulogisk) og eg har trippa lenge no etter ein tur på sjøen. Heldigvis har eg padlekompisar som ikkje er så vonde å be og søndag formiddag var det oppmøte på Blimsanden.

Turen starta med ei mairulle- det gjekk greitt, men no er det så lenge sidan eg har rulla i sjøen at eg syntes 10 graders vatn var rimeleg kaldt-sjøl om eg "bada" rett mykje i april. Turen gjekk deretter til Bårevika nord på Vigra (tippar at namnet har med bølger å gjer...) Her var det flotte forhold til å forsøke seg i surf. Steike artig, som dei seier her på Sunnmøre! Ikkje noko ufrivillig kolving denne gongen- berre mykje morro.

Alt som er kjekt må jo ta slutt ein gong, så då var det berre å tusle seg heim att. Etter påtrykk frå Kenneth (og bra var det) avslutta eg med ei rulle- litt trøytt og sliten i armana, men eg fekk det no til.

No er padlebatteria lada igjen og gliset går rundt, men kjenner eg meg sjølv rett vert dei fort flate. Og då er det berre å komme seg ut på nytt og finne på noko kjekt.
-I kajakk :)










Underteikna med breitt glis! Foto: Ragnhild


Turen vart på ca 7,5 km
Overskya, men fint og svak vind.

4 kommentarer:

  1. Å det så ut til å være fine bølger, rene og fine. Herlig landskap.

    SvarSlett
  2. Såå härliga bilder!! och så vackert! men jag skulle nog inte våga paddla i de där vågorna :)) Mvh Susanne

    SvarSlett
  3. Ja dette er de fineste surfebølgene jeg har prøvd så langt Rolf! (men nå har jeg ikke prøvd så mangen da) Utrolig gøy når det i tillegg er så helt fantastisk vakkert landskap. Susanne: bølgene kommer etterhvert ;)

    SvarSlett
  4. Å ka kjekt! Ja var sannelig stiller der ute i kveld selv om dønningene drog til innimellom:)) Herlig herlig Sygni:))

    SvarSlett