GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

4. september 2012

Kystkultursamling i Herøy


Det er berre å inrømme det. All trening på cowboyredning, rulle, tauing samt fiksing av kajakk etc den siste tida har hatt eit mål: aktivitetsleiarkurs på Kystkultursamlinga til Herøy KajakkKlubb (HKK) no i helga. Godt hjulpen av nokre luringar på sidelinja (utan å nemne namn...)  har Lene og eg har gira kvarandre opp - skal,skal ikkje? Kva krevs? Er det vanskjeleg? Kjem eg til å stå? Vi har vore ute og kava i vatnet åleine, og ute med meir kompetente folk, med og utan bølger. Lærekurva har vore bratt og innsatsen upåklageleg. Eg har vore ut og inn av "tenkeboksen" 15 gonger om dagen. Men forespurnaden om eg ikkje kunne tenke meg å bli med på aktivitetsleiarkurs kom litt brått på, og tida til å øve har vore litt knapp - i allefall for meg. Litt for mykje som må drillast på litt for kort tid, og eg vert altfor fort sjøsjuk til å halde på å kave i vatnet med ei cowboyredning for lenge. Så etter å ha lurt Lene til å melde seg på, valgte eg å trekke meg i siste liten.......Snakk om "god" padlekompis........Men Lene ho greide det likevel så det er berre å bøye seg i støvet og gratulere som Aktivitesleiar! Så får eg sjå korleis det går i året som kjem....

Like greitt å kunne rette heile fokus på eldstejenta som deltok på Grunnkurs Ung. Mykje å lære, og ekstra utfordrande var det med vinden. Men det såg ikkje ut til å sette ein dempar på humøret! Setting av krabbeteiner og trekking av dei neste dag- ikkje ei krabbe let seg lure. Det vil seie - gjengen frå Teknnikkurs Ung fekk ei og det er alt for lite til ein heil bøling. Ein litt skuffa gjeng måtte nøye seg med pølser til lunsj nok ein dag. Om det var kjekt? Gjett om! Om ho ynskjer seg ein kajakk? Tja. Då måtte det i såfall være ein Avocet! Dei legg seg lett til dyre vaner, dei unge, håpefulle....

Sjølv fekk eg nokre timar på sjøen med terping på teknikk: hengetak, bautak, kanting (heilt rundt faktisk... :))  og til slutt ei økt med rulletrening. Og tenk - eg fekk det endeleg til! Med vest og utan maske, i passe sommarkaldt vatn frå Atlanterhavet. Ikkje perfekt, men der er det mengdetrening som må til. Takk til Christian for ein god porsjon tolmod ute i vatnet i ein ikkje heilt tett tørrdrakt.....

Så då er det berre ut i vatnet og øve på alt som kan gå galt! Når vinden løyer...
























4 kommentarer:

  1. Så fine bilde! Eg har jo ikkje heilt fått med meg kor flott det er på Herøya. Krabbebildet var kanonkult! Og øving gjer meister, neste gong er du heilt klar. :o)

    SvarSlett
  2. Kjempeflotte bilder av ei super helg ser jeg:) Du tar det neste gang, kanskje jeg skal melde meg på sammen med deg:)

    :))

    SvarSlett
  3. Enig, veldig kult krabbebilde!

    SvarSlett
  4. Takk jenter! Ja kanskje vi skal d Jill, då får vi berre sette i gang og øve litt på Blimsanden når vinder løyer, litt heftig nett no.... :O.

    SvarSlett