Eg hadde høve til å ta meg haustferie i år, og heldigvis passa det seg slik at eg kunne ta den før alle andre. I tillegg klaffa det med været, så eg pakka sakene, tok med kajakken og reiste sørover. Eg har ikkje prioritert kajakk når eg har vore sørover dei siste åra, men denne gongen var målet å komme meg på sjøen. Med 4 dagar til rådigheit burde det kunne gå greit, så framt vinden heldt seg unna.
Godøysund
Første turen gjekk til Godøysund. Det er i grunn her eg har padla mest. Kortreist og med eit mylder av holmar og viker det er spennende å fare innom. Minuset er at det er fullt av hyttefolk på sjøen og båtar å passe seg for når det er ferietid (sommar som haust), men denne gongen slapp eg jo unna det.
 |
| Rett utom båthamna i Våge |
 |
| Gunnarsvikjo - lokal badeplass |
 |
| Koleragravplassen på Dukaneset. Ligg nydeleg til, men gror att.... |
 |
| Hytteidyll på Leirvikeskjeret |
 |
| Skogpadling i småsundet. Ganske stilig! |
 |
| Småsundet er langt... |
 |
| ....ganske langt. Gløtt ut i retning Sævareid |
På leit etter ein rasteplass.
 |
| Etter ein rast på Jonaholmen (utan mat for det kom eg ikkje på), bar det vidare |
 |
| Det vart ein liten runde rundt Petterholmen på leit etter ei alternativ rute tilbake. |
 |
| Forfall ved gamle Godøysund Hotell |
 |
| Våge |
Godøysund er alltid fint å padle i. Sommarstid kan det være litt vindfullt det første strekket frå Våge til Gunnarsvikjo, men ellers ligg det skjerma mot vær og vind. Og alt eller kor mykje ein snirklar kan ein faktisk få nokre kilometer ut av det, sjølv om området er lite. Turen denne gongen vart på ca 15 km.
Lunde
Ettersom det er kjekt å padle nye stader fann eg etter litt gransking av kart, at ein tur med utgangspunkt i Lunde kunne være flott. Eg har vore her ute ved ein badeplass for mange år sidan på ein lengre padletur, men ikkje snirkla i dette området. Gripnesvågen vart dagens mål.
 |
| Lundavågen |
 |
| Ein liten svingom rundt Kråko (tv) overe mot Flatøy. Delar av Godøysund kan skimstast rett tv. for baugen på kajakken. |
 |
| Badeplassen ved Teistøy |
 |
| Koløysundet. Her var det som å padle over ei undervassur...! |
 |
| Snart framme ved Koløyhamna, utan at eg forstod det var ei hamn når eg var der. |
 |
| Fjordpadling innover mot Gripnesvågen. Særeige landskap innover her. |
 |
| Så kom eg til ein våg eg ikkje visste um. Gripnesvågen. |
 |
| Framleis inne i Gripnesvågen - den er stor! |
 |
| Utover att. Her køyrer ein rett inn i nausta med båten - det har eg ikkje sett på Tysnes før... |
 |
| Snart klar for ein rast. Os langt der borte. |
 |
| Klår haustluft gir fine blåtonar... |
 |
| Eit kvileskjær. Med god vilje kan ein sjå ut til Austevoll/Bømlo |
 |
| Hytteparadis ved Selvågen. |
 |
| Innover mot Lunde att. |
Det var absolutt ein fin tur å padle her og. Ikkje fullt så tett med hytter som i Gødøysund, og ein må leite litt for å finne rasteplass. På denne tida låg strendene det gjekk å gå i land på anten i skuggen eller på nokon si (hytte-)strand. På sommartid kan det nok hende kveldssola hjelp på, men det gjenstår å sjå. Uansett er det alltid kjekt å padle nye stader, og Tysnes er på ingen måte ferdig utforska.
Turen vart på 11 km litt kortare enn eg trudde, men eg får skulde på ei kranglete skulder og lange armar etter turen i Godøysund.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar