GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

17. august 2025

Bursdagspadling for to

 August betyr sommar og bursdag, og når vi er to som fyller år omtrent samstundes med finevær i sikte - då er det berre å dra på bursdagspafletur. Merete og eg er skjønt einige om opplegget - det vert middag og bobler på ein holme. 

Etter eg er ferdig med jobb for dagen møtes vi på Leikong med ein vag tanke om kor turen går. Sist tok vi turen til Kjeldsund, denne gongen gjekk vi for Måløya og Eika. Trass i litt vind er det såpass varmt at det er T-skjortepafling, og når vi har komme oss over til Måløya stilnar det heilt av. Krystallklårt vatn og blikkstille - det er så lekkert!




Vi sullar rundt og padlar mellom og gjennom der muligheita byr seg, heilt til svolten melder seg. Kveldane er ikkje like lyse lenger, så det er greit om vi ikkje vert for seine.

Vi finn oss ein holme og plukar fram middag og kokesaker. Medan middagen godgjer seg passar det godt med bobler av ymse slag. Ein har det ikkje meir morro en det ein lagar sjølv!


Bobler versjon 1: Alkoholfri (ekte) sider frå Hardanger. Nauta god!!

Hurra for oss - skål!!

Bobler versjon 2: Merete bare måtte!!

Etter at middagen var fortært og gladet tomt, vart knotten litt vel innpåsliten, og til slutt måtte vi kapitulere. Greit å ha god tid til å nyte kveldssola på heimvegen.


Morgendagens bursdagsbarn i solnedgang

Dei siste par kilometrane vart ikkje like idylliste. Brått var det liten kuling og fjorden gjekk kvit. Ikkje like stas å padle i T-skjorte lenger mao. Men det gjekk greit - vi heldt oss langs land og tok den litt lengre vegen for kortast mogeleg kryssing. Litt vindpadling gjer berre godt for kroppen.Men som alltid klarte vi å time det godt - for i bilen på veg heim att kom regnet!!

Ca 15 min før vinden slapp ut av sekken!

Tusen takk for turem Merete - det vart ein uforglemmeleg dag!!

3. august 2025

Stille morgon i Kjeldsund

Det er lenge sidan Mona og eg har padla i lag, men mot slutten av ferien fekk vi oss ein tur. Eigentleg hadde vi tenkt å fare utover og rundt Vattøya i morgonsola, kose oss og kike utover havet. Men når eg stod opp låg havet inntylla i skodde. Som ikkje var meldt. Då har ein i grunn to val: gi seg på det eller dra til Kjeldsund.

Vi gjorde det siste. Og heldigvis var det skoddefritt der inne. Litt lågt skydekke, men stilt og framleise fin nok temperatur til å droppe tørrdrakta. Og skulle skodda sige innover er det kort veg til trygg grunn over alt.



Blikkstille!

Det er alltid kjekt med ei rast på land, så vi padla over mot Haddal-sida og fann oss ei lun vik der. Dit hadde og knotten funne fram, så når det gjekk frå relativt blikkstille til absolutt heilt blikkstille pluss yr, måtte vi gi oss. men då hadde vi no fått te og tylla i oss kokekaffi (absolutt eit must på tur) ei god stund.

Snart lunsj!

Lunsjpause med kaffi og sjokolade frå Longyerbyen


Med knott rundt øyrene var det godt å komme seg i kajakken att. Vi tok sjølvsagt vegen via holmane i Kjeldsund. På fjøre sjø er det nokre stader det ikkje går å padle mellom, så då får ein ta vegen rundt - eller drage kajakkane over. Med tang og tare å drage på gjekk det ganske lett!


Når ein ikkje gidd å padle rundt....

Kjeldsund er fint å sulle rundt i med plenty holmar å padle rundt og mellom, men superlangt vert det ikkje. Mona var spent på kor godt padlinga gjekk ettersom det har vore landligge for kajakken eit par år, men det gjekk heilt supert! Turen vart på 7,5 km og ein heilt super tur tidleg ein sundag formiddag!


Tilbake til start.

(Og ja - eg såg deg...)

Formiddagstur til Flåvær

Det har vorte litt lite padling i ferien, men eg fekk meg no ein tur til Flåvær med Anne-Mette. Dei fine dagane med sol og temperaturar opp mot 30 grader varte ikkje evig, men 23 pluss, vindstille og opplett er også heilt innafor. Anne-Mette hadde andre planar for ettermiddagen så vi starta dagen tidleg.

Sjølv om eg har vore fleire turar ute ved Flåvær er det lenge sidan eg har padla via Moltustranda og Tarberg, det var faktisk litt kjekt å gjere. Ute ved Langholmane gjekk vi på land for å sjå etter potensielle teltplassar, før vi sikta oss inn på Flåvær for pause ved fyret. Padleformen har gått litt ned i løpet av ferien, så det gjorde seg med ein lengre pause der.

På heimvegen snirkla vi rundt Lisje og Store Sandøya, utan at eg tok nokre bilete (var meir oppteken av å kikke etter teltplass...), og vipps så var vi tilbake til start. Flott tur og herleg start på dagen! 

Herøy gard

Over mot Moltustranda.

Langholmane. Her har eg ikkje vore på årevis...

Langgrunt og fint. Og ein og anna teltplass....

Flåvær fyr

Pause på innsida av fyret denne gongen med utsikt til Skorpa og Bergsøya


Tilbake til Herøya...

....og Herøy gard