GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

27. desember 2025

Klubbtur til Kvitøya

Det har vorte litt lite padling på meg i haust, men nokre turar har det blitt. I slutten av oktober vart det ein fin tur med klubben til Kvitøya.

Arnfinn, Anne-Mette og Mona stilte ved klubbnaustet kl 11. Ikkje eit vindpust og med ei sol som byrja å bryte gjennom skydekket, låg det godt tilrette for ein fin tur.


Framme ved Kvitøya gjekk vi på land for ein liten beinstrekk og lunsj i haustsola. Etterpå vart det litt snirkling mot Tjørvåg, og tilbake gjennom Stokksundet. Og no kunne vi ha padla kortaste vegen tilbake til naustet, men det var så fint og stilt at ingen hadde lyst til å gi seg. Så då vart det ein runde rundt Nautøya i tillegg og ca 15 km totalt før folk sa seg nøgde! 


Flott tur vart det i alle fall, og i framifrå  selskap! Og skuldra klarte turen utan alt for mykje trøbbel, og bra er no det.



Turstart og like før sola bryt gjennom.


Stokksundet


Snart ved Gullura


Arnfinn og Mona i fint driv


Pause på Kvitøya og Anne-Mette er fornøgd!

Pausen er over og vi set kursen mot Tjørvåg

Det er så lekkert så lekkert!

Haust på sjøen er flott når det er slik!

Heimover

Tilbake i Stokksundet

Vi la inn ei ekstra sløyfe rundt Nautøya og.

Langsmed Nautøya

Tilbake mot småbåthavna att



26. oktober 2025

Tidleg haustferie på Tysnes

Eg hadde høve til å ta meg haustferie i år, og heldigvis passa det seg slik at eg kunne ta den før alle andre. I tillegg klaffa det med været, så eg pakka sakene, tok med kajakken og reiste sørover. Eg har ikkje prioritert kajakk når eg har vore sørover dei siste åra, men denne gongen var målet å komme meg på sjøen. Med 4 dagar til rådigheit burde det kunne gå greit, så framt vinden heldt seg unna.

Godøysund

Første turen gjekk til Godøysund. Det er i grunn her eg har padla mest. Kortreist og med eit mylder av holmar og viker det er spennende å fare innom. Minuset er at det er fullt av hyttefolk på sjøen og båtar å passe seg for når det er ferietid (sommar som haust), men denne gongen slapp eg jo unna det.

Rett utom båthamna i Våge

Gunnarsvikjo - lokal badeplass

Koleragravplassen på Dukaneset. Ligg nydeleg til, men gror att....

Hytteidyll på Leirvikeskjeret

Skogpadling i småsundet. Ganske stilig!

Småsundet er langt...

....ganske langt. Gløtt ut i retning Sævareid

På leit etter ein rasteplass.

Etter ein rast på Jonaholmen (utan mat for det kom eg ikkje på), bar det vidare

Det vart ein liten runde rundt Petterholmen på leit etter ei alternativ rute tilbake.
Forfall ved gamle Godøysund Hotell

Våge

Godøysund er alltid fint å padle i. Sommarstid kan det være litt vindfullt det første strekket frå Våge til Gunnarsvikjo, men ellers ligg det skjerma mot vær og vind. Og alt eller kor mykje ein snirklar kan ein faktisk få nokre kilometer ut av det, sjølv om området er lite. Turen denne gongen vart på ca 15 km.


Lunde

Ettersom det er kjekt å padle nye stader fann eg etter litt gransking av kart, at ein tur med utgangspunkt i Lunde kunne være flott. Eg har vore her ute ved ein badeplass for mange år sidan på ein lengre padletur, men ikkje snirkla i dette området. Gripnesvågen vart dagens mål.

Lundavågen

Ein liten svingom rundt Kråko (tv) overe mot Flatøy. Delar av Godøysund kan skimstast rett tv. for baugen på kajakken.

Badeplassen ved Teistøy

Koløysundet. Her var det som å padle over ei undervassur...!

Snart framme ved Koløyhamna, utan at eg forstod det var ei hamn når eg var der.

Fjordpadling innover mot Gripnesvågen. Særeige landskap innover her.

Så kom eg til ein våg eg ikkje visste um. Gripnesvågen.

Framleis inne i Gripnesvågen - den er stor!

Utover att. Her køyrer ein rett inn i nausta med båten - det har eg ikkje sett på Tysnes før...

Snart klar for ein rast. Os langt der borte.
Klår haustluft gir fine blåtonar...

Eit kvileskjær. Med god vilje kan ein sjå ut til Austevoll/Bømlo

Hytteparadis ved Selvågen.

Innover mot Lunde att.

Det var absolutt ein fin tur å padle her og. Ikkje fullt så tett med hytter som i Gødøysund, og ein må leite litt for å finne rasteplass. På denne tida låg strendene det gjekk å gå i land på anten i skuggen eller på nokon si (hytte-)strand. På sommartid kan det nok hende kveldssola hjelp på, men det gjenstår å sjå. Uansett er det alltid kjekt å padle nye stader, og Tysnes er på ingen måte ferdig utforska.

Turen vart på 11 km  litt kortare enn eg trudde, men eg får skulde på ei kranglete skulder og lange armar etter turen i Godøysund.

8. september 2025

Sjønær 2025

 Sjønær er noko eg etterkvart har byrja å glede meg stort til. Ein bitte liten festival ute på Runde der havet er fellesnevnaren. Hovudaktiviteten har vore under vatn,men det har vore eit ønske å få med kajakkpadling og. Men av ulike årsakar har ikkje kajakkpadlinga teke heilt av.  erOfte det snakk om å få til det rette konseptet, og i år fekk eg drahjelp av ei av dei som skulle halde foredrag på laurdagen - nemleg Kim van Groningen. Også kjent undet navnet Kajakkim på Instagram. Ho er frå Nederland, har budd i Noreg i 20 år +, driv med kajakkguiding rundt om i verda, men har akkurat flytta til Sunnmøre!!

Vi byrja på tankeprossessen tidleg i vår, og etter nokre turar i lag ute ved Runde gjorde vi oss nokre tankar om korleis vi ville ha det. Men å tilby guida turar i løpet av ein festival - der ein til og med må betale - ligg ikkje heilt for Sunnmøringen. Det han då ikkje får med seg, er alt han går glipp av til ein relativt billeg penge.

For ikkje berre har du mogelegheiter til å bli med på ein tur i noko av det råaste som finnes langs Norskekysten, men du får også fantastisk god mat og høyre på historiar frå inspirerande folk, og høve til å prøve både fridykking, padling og coasteering. Alt inkludert i helgepasset.

Fredagen startar sjølvsagt med fredagstaco! Både klassisk variant med kjøttdeig, men Cecil diska sjølvsagt opp med vegetarvarianten og! Nydeleg godt!

Fredagstaco. Foto: Lisa Bendal

Dag 1 - turdag

Inklusive i helgepasset er frukost laurdag og søndag. Heimelaga surdeigsbrød med godt pålegg er faktisk ikkje å forakte. Så med ein solid frukost i skrotten var vi klare for tur. 

Lekkert frukostbord. Foto: Lisa Bendal

Kim og eg hadde håpt på at kajakkfolket tok til årene og meldte seg på tur ettersom det var fine vèrmeldingar. Men den gong ei. I staden for guida tur ved Runde, vart det altså tur ved Runde for guidane. 3 i talet faktisk, for Kom hadde og fått med seg Jorge frå ingen ringare stad enn Mexico. Jorge jobbar som kajakkguide hos Uteguiden i sommarsesongen, og i Mexico resten av året. Men han har forelska seg i Runde, og var ikkje vond å be med som ekstraguide. Dyktig er han og.

Med tett program vart det ikke tid til tur heile vegen rundt, men ut til grottene skulle vi kunne rekke. Eg var ikkje heilt i slaget, men tenkte eg kunne bli med eit stykke i alle fall.

Vi starta i båthavna

Rundebrua

Kim i fint driv utover

Jorge MÅ faktisk leike i kvart eit brott han ser!

Jorge klatrar i BCU-stigen, og øver seg på å trene oss andre. Kjekt!

Det er alltid kult å padle dette stykket her.

Kul geologi!

Eg hadde eigentleg planar om å snu rett etter brua, men eg måtte berre bli med bort til dei kule pinaklane inne i vika før en kjem til lundeura. Etter litt leik og morro mellom steinformasjonane, kjende eg at det var på tide å gi seg. Kim padla med meg tilbake til Måganeset før ho fortsette vidare med dei andre, medan eg snudde nasen heim att.

Snart tilbake til småbåthavna att og lunsj.

Resten av dagen gjekk slag i slag. Foredrag med bl.a Kim som kunne fortelle om guida kajakkturer i Nordnorge, Hellas og Mexico. Swim4fjords viste bilder og fortalte om sin kamp for å sette søkelys på fjordane våre og økosystemene der som er i ferd med å kollapse. Utrolig dyktige og dedikerte folk (følg dei gjerne på Instagram!). For å nevne nokre av foredragshaldarane. Og heilt til slutt vart det tapas og dessert. Etter det gjekk rullegardina ned og det var berre å ta kvelden.

Dag 2 - SundayFunday

SundayFunday er dagen for å prøve ulike vannaktivitetar, og Herøy Kajakklubb stilte sjølsagt opp. I år klarte vi faktisk å lokke nokon frå  dykkegjengen til å prøve og. Og medan Kim tok seg av dei, tok Mads eg eg oss av ungane. Fullt kaos og mykje folk, men utruleg kjekt. Og kjekt hadde dykkegjengen hatt det på padletur og!

Kim instruerer voksengjengen som skal prøve kajakk

Rein sydenstemninga!

Det er alltid ein liten luring som vil teste kor stabil kajakken er..

Det vart litt ordentleg turpadling også på ungane


Alt i alt ei vellukka helg. Eg trur vi fekk framsnakka padling litt betre denne gonge, så får vi håpe då at fleire kajakkfolk finn vegen til neste år!