Så var den endeleg her - den nye kajakken. Den kom til havneterminalen i natt med Hurtigruta, og eg henta ho ut i dag tidleg. Planen var å ta meg ein padletur der ute rett frå terminalen, men alarmen på klokka slo seg av (eller eg slo den av i ørska, veit ikkje), så når eg bråvakna kl 07.40 var det berre å hive på seg fillene og fare utover. Terminalen er berre open når Hurtigruta er innom, og å vent eit døgn til var uaktuelt. Eg passerte Herøy bru samstundes med Hurtigruta og var framme med litt margin.......
På jakt etter ny kajakk har det vore mykje telling på knappar. Beina mine er i lengste laget for ein Pilgrim Expedition med standard plassering av sete og ein relativt kort kockpit. Då klarer eg ikkje sette meg nedi med med rumpa først og så ta inn beina etterpå. Eg må sette meg på bakdekk og ake meg inn. På tørt land går det jo, på vatnet ikkje fullt så lett. Faren for velt ved eigenredning er nokså stor...Løysinga -> ein Pilgrim Expedition med lang cockpit, pluss flytting av skott eit knepp lenger fram mot baugen! Bestillinga vart sendt til Alfafritid i Tromsø, leveringstid av typ den kjem når den kjem. Alt vel så langt.
Heilt til Alf ringte og kunne fortelle at jaudå - kajakken var kommen til Tromsø, den såg fin ut, skottet var flytta, men cockpiten var standard lengde.....Altså litt for kort for meg sånn eigentleg. What to do? Litt justeringsmoglegheiter er det på setet, spørsmålet er om det er nok. Eg har vore ute i klubbnaustet og målt på Pilgrimmen der, ringt til Alf for gode råd og synsing i det uendelege, han har flytta på setet og målt på kajakken som ligg i Trømsø, eg har tenkt og tenkt, vurdert for og i mot og diskutert med både den eine og den andre. Ei heil veke. Og sikkert tøyd strikken til Alf rimeleig langt......Til slutt kom eg til at eg ville angre på det om eg ikkje gav den en sjanse.
Og no er den altså her.
Ingen skader på kajakken, fargen var akkurat så fin som eg håpte på, og eg fekk beina nedi kajakken utan særskild strev etter at Alf hadde flytta setet eit hakk lenger brak. Nice! Berre å kvittere ut kajakken, heim og ete frukost og så ut på jomfruturen. Sjølv om det regnar...
Eg la opp til standardruta mi rundt Hatløya.
Grått og vått ved Osnessanden
Mot Håkonsholmen.
På vestsida av Hatløya. Torvika rett forut. Der henta eg kajakken for to timar sidan.
Ikkje det beste været, men i dag gjorde det ingen ting
Det er som å komme heim att. Eg sit som støypt! På vestsida av Hatløya er det grunt. Dønningane veks her og det blir litt skvalpesjø. Men Pilgrimmen går mjukt og fint og eg merkar det knapt. Eg treng heller ikkje bruke senkekjøl, og den verkar å være mykje mindre straumpåverka enn Playen. Forutsigbar, stabil og truleg kjedeleg for nokre, men eg med mi sjøsjuke diggar det. Kanskje litt tyngre å få opp i fart enn Playen, men det får våge seg - marsjfarta verka å være grei.
Borgarøya
Tilbake til Osnessanden att.
Eg er nøgd, absolutt. No har eg ikkje prøvd den på surf, men det er nok ikkje det eg kjem til å halde mest på med uansett. Korleis eg pakkar den for tur gjensår å sjå. Men eg trur det vert bra!