Det er midt i April, konfirmasjonen til eldste mann nærmar seg og vermeldingane er gode. What to do? Surfing i Hoddevika sjølsagt! Mildrid og eg pakkar kvar vår bil full av padleutstyr, ungar, telt, bøtter og spader, og sett kursen mot det forjette land. Har ein først fått smaken på surfelivet er det ikkje så lett å la det vere.
Hoddevika ligg og badar i sol når vi kjem. Som forventa vert ungane av seg av begeistring for den flotte stranda, og når dei endelig har kroa seg godt ned i soveposen kjem det frå minsta: "Her må vi komme fleire gongar, mamma!". Mor protesterar sjølsagt ikkje på eit slikt utsegn....
Neste dag vert ungane utstyrt med bøtter og spader medan mødrene gjer seg klar for bølgeleik. Det ser litt dvaskt ut, men den gong ei. Det er midt i blinken for oss med kajakk. Surfen er lett å fange og det er akkurat så snilt at det går å konsentrere seg om teknikk. April vert grundig innrulla, sjøl om teknikken er elendig- det er såvidt det går.
Når brettsurfarane endelig tek til å røre på seg har vi i løpet av fire timar hatt to fine økter og lunsj, medan ungane har klart å bli gjennomblaute og fulle i sand. På tide å gi seg så vi overlet stranda til neoprenselane, fyrer opp grillen, kosar oss i sola, pakkar og vender nasen heimatt igjen. Og endå er det berre laurdag....Vi er rett gode på slike 24-timars husmorturar i grunn, ikkje sant?
Om det var kjekt? Eg trur eg lar bilda tale for seg sjølv.....
Så blid er man etterpå:
Hmmm, tror det må bli en tur til Delp her snart, ja.
SvarSlettDet tror jeg og! Eventuelt Hoddevika ;)
SlettHerleg!
SvarSlett