GLIMT...........fra hav og fjell og litt til

27. desember 2025

Klubbtur til Kvitøya

Det har vorte litt lite padling på meg i haust, men nokre turar har det blitt. I slutten av oktober vart det ein fin tur med klubben til Kvitøya.

Arnfinn, Anne-Mette og Mona stilte ved klubbnaustet kl 11. Ikkje eit vindpust og med ei sol som byrja å bryte gjennom skydekket, låg det godt tilrette for ein fin tur.


Framme ved Kvitøya gjekk vi på land for ein liten beinstrekk og lunsj i haustsola. Etterpå vart det litt snirkling mot Tjørvåg, og tilbake gjennom Stokksundet. Og no kunne vi ha padla kortaste vegen tilbake til naustet, men det var så fint og stilt at ingen hadde lyst til å gi seg. Så då vart det ein runde rundt Nautøya i tillegg og ca 15 km totalt før folk sa seg nøgde! 


Flott tur vart det i alle fall, og i framifrå  selskap! Og skuldra klarte turen utan alt for mykje trøbbel, og bra er no det.



Turstart og like før sola bryt gjennom.


Stokksundet


Snart ved Gullura


Arnfinn og Mona i fint driv


Pause på Kvitøya og Anne-Mette er fornøgd!

Pausen er over og vi set kursen mot Tjørvåg

Det er så lekkert så lekkert!

Haust på sjøen er flott når det er slik!

Heimover

Tilbake i Stokksundet

Vi la inn ei ekstra sløyfe rundt Nautøya og.

Langsmed Nautøya

Tilbake mot småbåthavna att