Snøen har det med å la vente på seg her på Ytre Sunnmøre, men når den først kjem er det ikkje måte på. Og ettersom den heller ikkje har det med å ligge så lenge, er det berre å nytte høvet og bruke den til noko fornuftig mens ein kan. Nedoverski er det som freistar mest, men med knekt halebein friskt i minnet er det nok best å gå for noko som er mindre brutalt for stussen. Viddene ovom Ulsteivik ligg fine og kvite, og både Lene og eg har yst å utforske terrenget her.
Vi var innstilt på å vasse til knes i djupsnøen, og gå så langt vi hadde krefter til. Med lågt ambisjonsnivå og med turen-er-målet-innstilling legg vi av garde ikkje alt for tidleg. Og vi er heldige: nokon allereide har trakka spor! Dels er det køyrt opp løyper, og dels har nokon labba vidare innover. Heilt opp til Mosvarden faktisk. Og den ser jo ikkje alt for langt unna ut heller....Vi stoppar før dei siste bakkane for påfyll av energi og litt ekstra klede. Målet er framleis sjølve turen, så det er ikkje om å gjere å komme seg til topps. Men vi ser det an.
Ein skulle tru vi var på mini-Hardangervidda. Kvite vidder og slake toppar. Det er ikkje akkurat dette er forbinder med Søre Sunnmøre. Sola bryt litt igjennom og det er nesten påskestemning. Kortreist lukke! Vi traskar roleg oppover, og sakte, men sikkert nærmar vi oss toppen. Rett nok byrjar eg å kjenne det i beina, men no er det for dumt å snu. Eg hentar fram det eg har av viljestyrke, og til slutt er vi oppe ved varden. Om ikkje utsikta er i øverste sjiktet, er den absolutt verdt det og vel fortent!
Nedover tok eg ikkje bilete. Eg hadde nok med sjølve nedkøyringa. Pudderføre med gjennomslag er ikkje alltid like lett. Fordelen er sjølvsagt at ein fell mjukt. Ulempen - at det ikkje er så lett å komme seg på beina att. Trøysta er at ingen andre ser ut til å meistre føret fullkomment heller. Vi kjem oss ned til middels stilkarakter, vel fornøgde og møre i beina. Ein fantastisk flott tur eg sikkert kjem til å gjenta om det er nok snø! Takk for turen Lene!
|
Fin start med oppkøyrde løyper! |
|
Ferdig med dei første bakkane. Kiberget th. Kanskje eg må opp dit eing gong og...
|
|
Fint å sjå seg tilbake og nyte utsikta litt.
|
|
Kvite vidder og berre lekkert!
|
|
Lokalt landemerke mellom Hareid og Ulsteinvik sett frå "baksida". Eg synes dei liknar ein caravane med kamelar i ørkenen. Andre kallar dei for indianarar. |
|
På veg opp mot Mosvarden. Slak og fin stigning. |
|
No smakar det fuggel - nesten oppe!! |
|
Oppe med varden. Utsikt mot Leinøya, Remøya og Runde. |